I denne episoden møter vi Liv Kari Eskeland – arkitekt av fag, tidlegare ordførar på Stord og stortingsrepresentant for Hordaland Høgre. Ho er “over snittet” glad i politikk, Hordfast og hage, og fortel om vegen frå studietid og tidlege arkitektprosjekt til å stå i front for lokal utvikling og nasjonal politikk.
Vi får høyre om kvifor Hordfast betyr så mykje for Vestlandet, korleis grøn skipsfart og sirkulær økonomi kan gje ny fart til industrien, og kva ho lærte av å byggje samfunn – både frå rådhuset og frå Stortinget.
Liv Kari deler òg personlege smakebitar: gjenbruksglede, drivhus, tomatar i fleng, restaurering av den gamle lensmannsgarden på Fjellberg, og eit par overraskande oppdrag – frå krandåp til filminnspeling.
No ser ho framover og vurderer kva dei neste ti arbeidsåra skal romme: fast jobb, styrearbeid eller nye prosjekt som byggjer framtida på Vestlandet?
Dette er ein episode for deg som bryr deg om samfunnsbygging i praksis – om vegar, verksemder, verdiar og menneske.
Sponsor: Alde Akva
Alde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur.
Alde Akva har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø.
I år feirer de 5-årsjubileum!
Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen fiskeri- og havbruksnæringen, t
ilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser
– fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg.
Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon.
Nina Maria Seljestad Bakke er en av mange som har brukt vektreduserende medisiner. Det førte til en dramatisk vektnedgang – men også til at livet kom helt ut av balanse. Faktisk gikk det så langt at hun ble innlagt på distriktspsykiatrisk senter for å lære å spise igjen.
Nina Marias historie er en av mange. I 2024 brukte over 170 000 nordmenn vektreduserende legemidler ifølge FHI. I dag har mellom 60 og 70 prosent av den voksne befolkningen i Norge overvekt eller fedme, noe som påfører samfunnet store kostnader.
For mange oppleves medisinen som en ny start. Kliniske studier viser at disse medisinene gir langt bedre effekt enn de eldre alternativene, men i disse studiene får deltakerne tett og strukturert oppfølging med livsstilsendringer – som handler om å spise sunnere og være mer fysisk aktiv i hverdagen.
Sponsor: Grete Roede
Grete Roede har vært markedsledende i Norge på kosthold og livsstil i hele 50 år, og hjelper hvert år mange tusen nordmenn ned i vekt. På kurs hos dem lærer du hva du må gjøre for å få kontroll på vekten, og for å stabilisere kroppen på den nye vekten etterpå.
De jobber med kalorikontroll, sunt kosthold og de legger stor vekt det på mentale som en viktig del av prosessen. Dine tanker blir til dine handlinger, og det å jobbe med hodet er en vesentlig del av kursopplegget.
"Slanking foregår i hodet, og ønsker du et varig vekttap, må du gjøre endringer du kan leve med på sikt. Derfor passer et kurs hos Grete Roede enten du er på vektmedisin eller ikke," sier kursleder Monica Ur.
På Stord finner du Grete Roede i Velværetunet sine lokaler på Heio 7 hver onsdag og kursleder Monica Ur har "slanket bort" mange tonn hos sine deltakere gjennom sine 19 år som kursleder på full tid.
I tillegg til lokale kurs tilbyr hun også kurs på Teams 1-1 eller i grupper, samt skriftlige nettkurs.
Sjekk ut: https://www.roede.com
Når livet plutseleg blir snudd på hovudet, og ein mistar nokon ein er glad i – korleis lever ein vidare med det? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Jannike Alvær Lie og Ingebjørg Alvær Lie, som sammen med Jannicke Bjørnevik står bak Hjertefred på Tysnes – ei minnemarkering for alle som har opplevd sorg og sakn.
Søndag 2. november inviterer dei til ei varm og inkluderande stund på OnarTun, der lys, musikk og fellesskap gir rom for både tårer, smil og håp.
I samtalen deler dei si eiga historie – om å miste broren sin, om sjukdom, organdonasjon og om korleis smerte kan forandre måten vi møter andre på.
Dette er ei sterk og håpefull forteljing om å leve vidare, om takknemlegheit, og om krafta i fellesskap når livet gjer vondt.
Sponsor: Stord Begravelsesbyrå
Stord Begravelsesbyrå er ei familiebedrift i tredje generasjon som bistår ved dødsfall i heile Sunnhordland.
Erfaringa til Stord Begravelsesbyrå er di tryggleik.
Byrået har kontor sentralt på Leirvik, i Fitjar sentrum, på Sæbøvik i Kvinnherad og på Våge på Tysnes.
Hos Stord Begravelsesbyrå blir du møtt med varme av trygge og profesjonelle medmenneske, der målet er å leggja til rette for fine og verdige gravferder. Kva det vil seia, er ulikt frå person til person – og dette finn ein ut saman.
Visjonen til Stord Begravelsesbyrå er å vera ein vegryddar – ein medhjelpar og medvandrar i sorga sitt landskap, eit lite stykke på vegen.
Ein kan ikkje ta bort sorga, men Stord Begravelsesbyrå kan leggja til rette for at det praktiske vert handtert på ein god og ryddig måte.
I tillegg til gravferd hjelper Stord Begravelsesbyrå med oppussing av gravstein og sal av nye gravsteinar. Dei har fine gravsteinutstillingar på alle kontora sine.
Stord Begravelsesbyrå – ditt lokale gravferdsbyrå i heile Sunnhordland.
Britt Kjellesvik Rage brenn for gamle tekstilar, folkedrakter og historia dei fortel. I denne episoden deler ho frå arbeidet med å kartleggja drakttradisjon på Tysnes, boka om bringeklutane, og livet som «viking» i Gudvangen.
Vi får høyra om dokkeskulpturane som har reist verda rundt, korleis ho byggjer ein lokal drakt-database, og kvifor tekstilar er mykje meir enn pynt – dei er kulturarv, handelshistorie og levd liv.
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.
https://www.visittysnes.no
Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen.
Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misforståelsar i skulekvardagen og kampen for å finne rett behandling. Samtidig deler han varme historier om familien som alltid har stått ved sida hans, hunden Fanny som blei ei viktig støtte, og korleis frivillig arbeid, politikk og jobb har gitt livet retning og meining.
Sponsor: SvingenPuls Treningssenter
I dag er episoden sponsa av SvingenPuls Treningssenter – midt i Våge på Tysnes!
Her får du 700 kvadratmeter med treningsglede – alt frå styrkestudio med topp moderne Technogym-utstyr, kondisjonsapparat og frivekter, til eigen sykkelsal og ein aerobicsal med mange ulike gruppetimar.
Hos SvingenPuls kan du trene når det passar deg – dei har ope 365 dagar i året, nesten døgnet rundt med nøkkelkort.
Om du er fastbuande eller berre på ferie, har dei tilbod som passar for deg. Og treng du ekstra oppfølging, tilbyr dei både rettleiing og personleg trening.
I bygget finn du òg fysioterapeut Geir Austvik om du treng fagleg hjelp – og på nyåret flyttar enda ein fysioterapeut inn hos dei på Svingen!
Så – kva ventar du på?
Få opp pulsen hos SvingenPuls!
Les meir på svingenpuls.no eller følg dei på Facebook.
Ho kallar seg sjølv den største «stofflangaren» på Stord – men heldigvis er stoffet hennar heilt lovleg! I over 55 år har Anne Margrethe Otterå vore hekta på nål og tråd, og i dag driv ho butikken Nål & Tråd med både symaskiner, stoff og garn.
I denne episoden får du høyra om eit liv fylt med skaparglede, flytteprosjekt, pendling frå Austevoll – og kvifor både sying og strikking kan vera ekte terapi. Me snakkar òg om gründarlivets oppturar og nedturar, og kvifor ein aldri blir heilt ferdig med å samle på stoff.
Og kva er eigentleg poenget med å sy sin eigen BH?
Vil du bli med på syhelg?
Sponsor: Verdig Gravferd
Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære.
Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland.
Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar.
Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.
Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur?
Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.
I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate!
Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».
Sponsor: Verdig Gravferd
Hjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære.
Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland.
Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar.
Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.
Han er mannen som alltid får ting gjort. Martin Laurhammer har fått både Næringsforeningen på Haugalandet sin bragdpris og Haugesund kommunes ærestegn
«De fykende måker», for innsatsen sin.
Ein mann med handlekraft, stå-på-vilje – og ei imponerande evne til å finne løysingar der andre ser problem.
I denne live-episoden frå Bømlakonferansen 2025 får du høyre Martin dele om oppveksten på småbruk, korleis arbeidsmoral og dugnadsånd vart forma tidleg, og historia om korleis far hans overtydde han om å flytte heim til Bømlo: «Du skal komme heim og hjelpe folk å få til noko.»
Laurhammer fortel òg om viktige prosjekt som vannverksutbygging, Trekantsambandet, Moster Amfi og Haugesund lufthamn – og om verdien av å stå på når byråkratiet seier nei.
Han deler óg ærlege glimt frå sjukdom, livet som pensjonist (utan å legge arbeidsiveren heilt på hylla) – og ikkje minst råd til unge om integritet og korleis ein kan få ting til i dag.
Her får du ein smakebit av musikken du kan oppleva i Mr. Halloween sin magiske butikk 🎶
Songen Mr. Halloween er skriven og framført av John Ståle Eldøy.
Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!
Sponsor: Peppes Pizza Stord
Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.
Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.
Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.Send ein e-post til peppes@peppes.no for å opprette bedriftskonto i dag.
Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.
Erik Jørgensen – ei ekte eldsjel i kulturlivet på Stord. Han har skrive og sett opp musikalar og teater i fleire tiår, og no er han aktuell med stykket Mr. Halloween sin magiske butikk.
Vi snakkar om oppvekst, bandlivet på 70- og 80-talet, korleis Askepott-rocketeateret vart til, og kvifor han aldri har gitt seg med å skape noko nytt. Her får du høyre om galskapen, dugnadsånda og gleda som driv fram store prosjekt – og kvifor han meiner at du må elske det du gjer, elles kan du berre gløyme det.
Dette er historia om ein mann som har sett djupe spor i kulturlivet – med mykje humor, kreativitet og varme!
Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!
Sponsor: Peppes Pizza Stord
Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!
Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.
Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.
Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.
Send ein e-post til peppes@peppes.no for å opprette bedriftskonto i dag.
Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.
Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasjement og god formidlingsevne.
Sponsor: Fitjar Kraftlag
Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.
Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.
Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.
Fitjar Kraftlag feirar 90 år i 2025, og laurdag 27. september inviterer dei til jubileumsfeiring med familieaktivitetar, konsert og fest. Les meir på www.fitjar-kraftlag.no.
Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!
Ho har løfta tyngre enn dei fleste, teke gull i Noreg og Norden – og drive treningssenter gjennom både pandemi og krevjande år. Så smeller det: biceps ryker i konkurranse, og livet blir snudd på hovudet.
I denne episoden fortel Lena Christiansen om vegen frå pall til operasjonsbord, om identitetskrise, rehabilitering og det beinharde mentale arbeidet som må til for å kome tilbake.
Vi snakkar òg om kvifor eit treningssenter kan vere livline for folk flest, korleis du kjem i gang utan å «kunne alt», og kvifor ro, fjellstiar og ein treningspark på ei lita gresk øy blei redninga.
Sponsor: Bømlo Storsenter
På Bømlo Storsenter, midt i Svortland sentrum, finn du mange fine butikkar der du vert tatt imot av imøtekomande tilsette!
Her er òg bedrifter som Nemus, bank, tannlege, rekstenesteførar, BUA m.m.
Mot torget finn du den koselege kaféen HiSio.
Ved sida ligg den velrenommerte klesbutikken Østensen – som har kledd opp menn og damer i alle aldrar i fleire generasjonar.
Lilly på Såpehuset produserer og sel dei lekraste såpene og badesalta.
Likar du å trene, er Sporty Bømlo plassen å gå.
Bømlo Storsenter har flotte kjedebutikkar som Princess, Nille, Mekk, Sport Outlet og Cubus.
Apotek 1 Bømlo har alt du treng av medisinar og hudpleieprodukt.
Treng du ein hårklipp, spør Isam Frisør.
Hos NMS Gjenbruk finn du brukte skattar i ein stor og fin butikk, med ny avdeling for klede.
Rema 1000 Bremnes set si ære i å tilby kundane ein velfylt butikk til einkvar tid.
I nærleiken finn du Vinmonopolet.
Hos Bømlo Velværesenter får du både hudpleie, hudpleieprodukt samt vakre klede og tilbehøyr.
I oktober opnar Bømlo Storsenter Sams kontorfellesskap, der mange spanande bedrifter flyttar inn.
Velkomen til ein triveleg handel på Svortland!
Kva driv ein 23-åring til å stå i lange møte, banke på dører – og sikte mot Stortinget? I denne episoden får du møte Ulvar Akselsen (Ap), lokalpolitikar på Stord og sjettekandidat i Hordaland.
Vi snakkar om kvardagen i utval for rehabilitering, helse og omsorg, lærdom frå oppveksten og samtalane heime med pappa Olav Akselsen, og korleis det er å kombinera studieliv, samboarskap og valkamp.
Ulvar deler tankar om velferdsstaten, skatt og små forskjellar, unge på Stortinget, kampen mot utanforskap, og korleis me kan rigga Sunnhordland for framtida – frå industri og havvind til Hordfast.
Du får òg høyra korleis dørbanking faktisk kjennest, og kvifor breie kompromiss av og til er vanskelegare enn dei ser ut.
Ein open og energisk prat om politikk som rører ved kvardagen vår – lokalt og nasjonalt.
-----------
Denne episoden har ingen sponsor.
Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!
Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:
Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.
Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg.
Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn.
Personleg fridom og ansvar – ønsket om minst mogleg statleg styring og overstyring i folks liv.
Økonomisk vekst og verdiskaping – behovet for å skape lønnsame arbeidsplassar utan å tape av syne miljø og lokalsamfunn.
Formuesskatten – kvifor FrP ønskjer å fjerne den, og kva konsekvensar han meiner den har for norske bedrifter.
Kompromiss i politikken – kvar grensene går for kva han er villig til å forhandle om, og kva han meiner ein ikkje bør fire på.
Lokalpolitikk og arealsaker – erfaringar med dispensasjonar, reguleringsplanar og kritikk av statsforvaltaren si rolle.
Internasjonal erfaring – lærdom frå å pendle og jobbe i Polen og Singapore, og korleis det påverkar synet på økonomi og samfunn.
Hordfast – sett som den største framtidige moglegheita for Stord og Sunnhordland.
Arbeidsliv og respekt for fagkompetanse – verdien av både fagarbeidarar og ingeniørar, og korleis dette formar politikken hans.
-----
Denne episoden har ingen sponsor.
Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!
Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:
Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.
Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
Ho er over gjennomsnittet glad i både ungar og tur, og no er ho leiar for Barnas Turlag Stord–Fitjar. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Astrid-Cecilie Flisram, som deler både humoristiske turopplevingar, tips for å få med barn på tur – og kvifor turleiarar og frivillige er så viktige for fellesskapet.
Vi snakkar om alt frå knekt tann på crossfit-fest, til å gå ned på «feil side» av Utslettefjellet, til magiske hengekøyturar ved sjøen.
Astrid-Cecilie fortel òg om komande arrangement, kano-utleige, topptrimkort og kvifor ein sjokolade kan gjere underverk på tur.
Høyr om friluftsglede, dugnadsånd og små og store opplevingar i naturen – for heile familien.
Sponsor: Fargerike Malerboden
I dag er episoden sponsa av Fargerike Malerboden – din lokale ekspert på farge, golv og interiør.
I over 40 år har familieverksemda Fargerike Malerboden på Heiane levert kvalitet, fagkunnskap og god service til folk i Sunnhordland.
Her finn du alt frå maling, tapet og solskjerming, til golv, fliser og verktøy – i tillegg til tenester som fargerådgjeving og handverkshjelp, for å nemne noko.
Med Miljøfyrtårn-sertifisering tek dei òg ansvar for klima og miljø.
Stikk innom Fargerike Malerboden – vegg i vegg med Rema 1000 på Heiane – og få hjelp til å skape ditt draumeheim.
Kontakt: malerboden@fargerike.no
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Olav Tveiten og Rune Valvatne Ask frå Sunnhordland Kampsportklubb.
Dei brenn for kampsport og sjølvforsvar – ikkje berre som ein sport, men som eit verktøy for tryggleik, meistring og fellesskap. Her får du høyre korleis klubben blei til, kvifor dei no satsar på ungdomstrening og gratis sjølvforsvarskurs for damer, og kva kampsport har lært dei om disiplin, respekt og livserfaring.
Vi snakkar om alt frå mytar om sjølvforsvar til korleis treninga kan byggje sjølvtillit, førebygge mobbing og gjere deg betre rusta til å handtere vanskelege situasjonar.
Høyr om Fenris Street Protection, Kali Silat Evolution og bli inspirert!
Sjekk ut Sunnhordland Kampsportklubb på Facebook:
https://www.facebook.com/profile.php?id=61571581160389
---
Denne episoden har ingen sponsor.
Men heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!
Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:
Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.
Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
André Eide er ein pianist med følgjarar frå heile verda – snart 400 000 på Facebook – og blodfansen reiser langt for å høyre han spele.
Men han har og ei historie, med mobbing i oppveksten. Og han har utfordringar med svindlarar som misbrukar namnet hans på nett.
I denne episoden av SunnhordlandPodden fortel André ope om livet som pianist, kvardagen med konsertar og sosiale medium – og kvifor han vel å bruke historia si for å setje fokus på mobbing.
Altfor mange born opplever mobbing, og det får store konsekvensar.
Oppmodinga er klar – bry deg!
Sponsor: Elie Verkstad
Midt i hjartet av Leirvik på Stord ligg Elie Verkstad – ein blomsterbutikk litt utanom det vanlege.
I den detaljerike / Innholdsrike butikken i Sæ finn ein alltid eit stort utval ferske, vakre blomster og planter.
Elie Verkstad hjelper kundane sine med alt frå brudebukettar og borddekorasjonar til blomar til gravferd – alltid med omtanke og kvalitet.
Dei ønskjer å gjere både dei store og dei små dagane vakre – anten det er bryllaup, sorg, bursdag eller ein heilt vanleg tysdag.
Ønsker du å bestille, kan du kontakte Elie Verkstad på telefon 970 92 615, eller sende ein e-post til elieverkstad@gmail.com.
Elie Verkstad – blomster til livet, i sorg og i glede.
I 2024 debuterte Helen Daae Frøyseth med boka Et skriveliv. I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra ei sterk og ærleg historie om å våga, skriva – og om å bli møtt av både heiarop og motstand.
Vi snakkar om skrivelyst, kjærleik til poesi, litterære refusjonar, overgangen frå byliv i Bærum til bygdeliv på Tysnes – og ikkje minst: korleis det kjennest når boka endeleg er ute, og verda skal meine noko om det du har skrive.
Helen deler òg opent frå tida som redaktør i Bladet Tysnes – inkludert korleis det var å bli råka av nettroll på ein liten plass.
Du får òg høyra kva som kan gjera henne adrenalinsint …
Dette er episoden for deg som…
Slå følgje med Helen på Instagram: https://www.instagram.com/haldefram/
Boka, Et skriveliv, kan du kjøpe her: https://www.ark.no/produkt/boker/skjonnlitteratur/et-skriveliv-9788281633162
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.
I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi.
Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar til å bryta ut i mannskor på aldersheimen.
Me får høyre om kvifor det å bygge scenografi i Amfiet er som å bygge eit hus (som straks skal rivast), og kvifor det faktisk kan vere heilt greitt.
Og kvifor åtteåringar som står timevis i solsteiken, får Gunvald til å skjerpa seg.
Her blir det smil, inspirasjon og ekte teatermagi – ispedd litt matematisk forvirring om kor gamal filmen eigentleg er...
Dette er episoden for deg som:
elskar musikal
lurer på kva «strekk» betyr i teaterverda
og som kanskje (bittelitt) vurderer å bli frivillig neste gong Bømlo Teater ropar ut!
Sponsor: Finnås Kraftlag
Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemmene sine.
Målet er å fremja interessene til innbyggjarane og verksemdene i konsesjonsområdet.
Dette gjer dei ved å driva med produksjon, distribusjon og sal av energi, tilby breibandstenester gjennom attraktive produkt frå Altibox, og ved å dela ut gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.
Medlemmene får også kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i konsernet.
Finnås Kraftlag er ein lokal aktør som er genuint oppteken av utvikling og trivsel i nærmiljøet til kundane sine.
Ein stor takk til Finnås Kraftlag for at dei sponsar denne episoden!
Helene Torkelsen frå Moster både brenner for leira – og brenner leira. Ho har skapt sitt eige atelier og univers av vakre bruksgjenstandar i keramikk, midt i ein travel kvardag med tre små ungar og fulltidsjobb som lærar. I denne episoden får du bli betre kjend med Helene, som deler historia si om å gå frå kreativ lærar til sjølvlært keramiker med eige brennerom, eigen nettbutikk – og draumen om å leve av det ho elskar å skape.
Vi snakkar om estetikk og inspirasjon, kvifor det er viktig å skape sjølv om det ikkje blir perfekt, og korleis det er å stå på marknad med baby på armen.
Du får òg høyra om hytta dei har bygd i hagen – som no husar gjestar frå heile verda via Airbnb!
🎨 Finn Helene på Instagram: https://www.instagram.com/atelier_helenetorkelsen/
🌐 Og sjekk nettbutikken hennar: https://www.atelierhelenetorkelsen.com
Sponsor: dreieskive.no
Har du lyst å utforska kreativiteten din med leire? Då bør du ta turen innom dreieskive.no!
Dei tilbyr solide og stillegåande dreieskiver – perfekte for deg som vil koma i gang med keramikk heime, utan stress.
Du får god kvalitet, rimelege prisar og skikkeleg god service.
Og det beste av alt: 14 dagars returrett og 2 års full garanti!
👉 Besøk dreieskive.no – og sett fart på kreativiteten din!