
Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen.
Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misforståelsar i skulekvardagen og kampen for å finne rett behandling. Samtidig deler han varme historier om familien som alltid har stått ved sida hans, hunden Fanny som blei ei viktig støtte, og korleis frivillig arbeid, politikk og jobb har gitt livet retning og meining.
Sponsor: SvingenPuls Treningssenter
I dag er episoden sponsa av SvingenPuls Treningssenter – midt i Våge på Tysnes!
Her får du 700 kvadratmeter med treningsglede – alt frå styrkestudio med topp moderne Technogym-utstyr, kondisjonsapparat og frivekter, til eigen sykkelsal og ein aerobicsal med mange ulike gruppetimar.
Hos SvingenPuls kan du trene når det passar deg – dei har ope 365 dagar i året, nesten døgnet rundt med nøkkelkort.
Om du er fastbuande eller berre på ferie, har dei tilbod som passar for deg. Og treng du ekstra oppfølging, tilbyr dei både rettleiing og personleg trening.
I bygget finn du òg fysioterapeut Geir Austvik om du treng fagleg hjelp – og på nyåret flyttar enda ein fysioterapeut inn hos dei på Svingen!
Så – kva ventar du på?
Få opp pulsen hos SvingenPuls!
Les meir på svingenpuls.no eller følg dei på Facebook.