Vesttelane som utvandra kom gjerne til dei same stadene, og etablerte nye lokalsamfunn der. Med tida kom også dei neste generasjonane til, og i den siste episoden ser me på korleis desse samfunna utvikla seg. Sentral i historia er Orabel Thortvedt, ein kunstnar som via livet til å dokumentere familiehistoria, frå bestefar hennar, Olav, leia eit fylgje på om lag 100 fyresdølar til Amerika på 1860-talet og til slutt enda opp i Buffalo River.
Me ser også på korleis denne massestraumen av menneske ut frå Vest-Telemark påverka regionen og bygdene som var att.
Vestivi, Vesttelar er produsert av Pickle Productions for VTB. Forteljar er Aslak Mikucki-Ringhus, og intervju er med Dag Rorgemoen og Tarjei Førstøyl. Musikk og lydeffektar er frå Envato Elements, og utvandrarane sine eigne ord er frå KI-verktøyet ElevenLabs.
Ansvarleg redaktør er Øystein Øygarden. VTB har fått støtte av Medietilsynet til podkastproduksjon.
Kan ein kostveiting ha medverka til at ein sjølverklært profet vart martyr? Halvor Kostveit utvandra i 1842, og det blir hevda han hadde ei rolle då Joseph Smith vart drepen i Illinois to år seinare. Me blir også betre kjent med Sveinung Olsnes, som utmerka seg meir positivt, som ein leiande skikkelse i delstatspolitikken i Nord-Dakota, og også finansierte etableringa av ny næring heime i Vinje.
Vestivi, Vesttelar er produsert av Pickle Productions for VTB. Forteljar er Aslak Mikucki-Ringhus, og intervju er med Dag Rorgemoen og Tarjei Førstøyl. Musikk og lydeffektar er frå Envato Elements, og utvandrarane sine eigne ord er frå KI-verktøyet ElevenLabs.
Ansvarleg redaktør er Øystein Øygarden. VTB har fått støtte av Medietilsynet til podkastproduksjon.
Reisa til Amerika var langt meir omfattande, og dyrare, på 1800-talet enn den er i dag. I denne episoden ser me nærare på det praktiske kring overfarten, og korleis i mange høve relativt fattige vesttelar finansierte turen.
Me møter også Ingebjørg Jore, kvinnekampsforkjemparen som utvandra på 1890-talet, og me tek opp at Olav Trovatten-tråden. Vart det nye livet betre enn det dei reiste frå?
Vestivi, Vesttelar er produsert av Pickle Productions for VTB. Forteljar er Aslak Mikucki-Ringhus, og intervju er med Dag Rorgemoen og Tarjei Førstøyl. Musikk og lydeffektar er frå Envato Elements, og utvandrarane sine eigne ord er frå KI-verktøyet ElevenLabs.
Ansvarleg redaktør er Øystein Øygarden. VTB har fått støtte av Medietilsynet til podkastproduksjon.
I 1840 tok Olav Knutsson Trovatten med seg familien frå Øyfjell til Amerika, og vart med det blant dei aller fyrste vesttelane som utvandra. Olav skulle bli ein viktig person i historia om utvandringa frå Vest-Telemark, og ein viktig årsak til at Vest-Telemark var blant områda der utvandringa verkeleg fekk fotfeste fyrst.
I denne episoden ser me nærare på årsakene, både for Olav, og dei mange andre vesttelane som tok dette valet.