
Vesttelane som utvandra kom gjerne til dei same stadene, og etablerte nye lokalsamfunn der. Med tida kom også dei neste generasjonane til, og i den siste episoden ser me på korleis desse samfunna utvikla seg. Sentral i historia er Orabel Thortvedt, ein kunstnar som via livet til å dokumentere familiehistoria, frå bestefar hennar, Olav, leia eit fylgje på om lag 100 fyresdølar til Amerika på 1860-talet og til slutt enda opp i Buffalo River.
Me ser også på korleis denne massestraumen av menneske ut frå Vest-Telemark påverka regionen og bygdene som var att.
Vestivi, Vesttelar er produsert av Pickle Productions for VTB. Forteljar er Aslak Mikucki-Ringhus, og intervju er med Dag Rorgemoen og Tarjei Førstøyl. Musikk og lydeffektar er frå Envato Elements, og utvandrarane sine eigne ord er frå KI-verktøyet ElevenLabs.
Ansvarleg redaktør er Øystein Øygarden. VTB har fått støtte av Medietilsynet til podkastproduksjon.