For pelsdyrbøndene symboliserte slaget frå auksjonshammaren både uro og håp.
I denne episoden av Ting frå Jærmuseet fortel me historia om norsk pelsdyroppdrett – frå glanstid til avvikling. Me ser tilbake på den Klondike-liknande æraen då Noreg var verdsleiande på sølvrevproduksjon. Høyr om tider då ein mutasjon kalla platinareven oppnådde den utrulege prisen på 11 000 dollar i New York.
Pelsdyrnæringa var ei svært viktig økonomisk inntekt for gardar og jordbrukskommunar, særleg i Rogaland. Men næringa var òg særs sårbar for internasjonale konjunkturar.
Høyr om næringa sine oppturar, nedturar og den politiske avviklinga som førte til yrkesforbod.
I studio møter du førstekonservator ved Jærmuseet, Anne Jorunn Frøyen, som har leia arbeidet med utstillinga PELS på Vitengarden, og Bertran Trane Skadsem – pelsdyrbonde og leiar i Norges Pelsdyralslag.
Programleiar: Christian Gilsvik
Lyder: Jærmuseet og Soundly
Musikk: Upright Music
Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
I den nye episoden av "Ting frå Jærmuseet" skal vi dykke ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygarane under den kalde krigen. Denne tida forma ikkje berre forsvaret, men òg dei som sat i cockpit og flaug dei raskaste og mest moderne flya vi hadde.
For å kaste lys over denne litt skjulte sida av historia, har vi med oss Sondre B. Hvam. Han har intervjua heile 82 flygarar – og i dag får du møte ein av dei, her i studio. Sigfrid Hernes var ein av desse flygarane, og han fortel om kvardagen, kameratskapet – og dei dramatiske møta med sovjetiske bombefly i norsk luftrom. Og det skjedde altså i fredstid.
Visste du forresten at det på 1950-talet var heile 95 alvorlege flyulykker med militærfly? Minst 116 menneske i Forsvaret omkom – dei fleste av dei var flygarar. Om du tenkjer på det, betyr det nesten éin flygar som døydde kvar einaste månad, gjennom heile tiåret.
Musikken er frå Upright Music.
Programleiar og produsent: Christian Gilsvik.
"Ting frå Jærmuseet" er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
Kva betyr eigentleg ei fane for dei som reiste frå Gjesdal til Amerika? I denne episoden av «Ting frå Jærmuseet» dykker vi ned i historia bak Amerikafanen frå Gjesdal – eit stolt symbol som samla utvandrarar i det nye landet. Vi fortel om korleis fanen blei til, kven som laga han, og kvifor slike faner var så viktige for å halde på identiteten og fellesskapet blant norsk-amerikanarar. Bli med når vi følgjer spora etter fanen frå Jæren til Midtvesten, og møter både historie, kunst og sterke kjensler i eit lite, men mektig stykke tekstil frå Rogaland.
For å fortelje oss meir om amerikafaner, og spesielt Gjesdalsfanen, har vi med oss Per Inge Bøe, migrasjonshistorikar og avdelingsdirektør for samling og dokumentasjon i Jærmuseet, og konservator Therese Espeland ved Jærmuseet.
Programleiar og produsent er Christian Gilsvik.
Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
I denne episoden av "Ting – frå Jærmuseet" får du høyre den utrulege historia om treskoa til Arne Garborg – eit par tilsynelatande enkle tresko som har reist lengre enn dei fleste jærbuar. Kva skjedde då treskoa forsvann frå Knudaheiå og plutseleg dukka opp på andre sida av Atlanteren? Kvifor vart dei så viktige for både lokalbefolkninga og samlarar i USA? Og kva slags symbolverdi har dei i dag?
Programleiar Christian Gilsvik får besøk av Ørjan Zasera Johansen frå Garborgsenteret, som tek oss med bak kulissane og fortel om treskoas dramatiske reise, den intense jakta på å få dei heim, og korleis dei i dag har vorte ein del av både utstillingar og formidling for nye generasjonar. Bli med på ei reise gjennom historie, kulturarv og eit aldri så lite mysterium – der treskoa spelar hovudrolla!
Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
Les mer om Arne Garborg sine tresko her.
Les mer om Søren Lura her.
Musikk: Upright Music
I denne podkasten får du høyra historiene om gjenstandane på Jærmuseet. I kvar episode vil ein av dei tilsette ved museet fortelja ei unik historie knytta til ein av tinga som me kan oppleva på Jærmuseet sine museumsavdelingar.
Følg og abonner på podkasten - så får du vita når det kjem nye episodar.
Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.