Home
Categories
EXPLORE
True Crime
Comedy
Society & Culture
Business
Sports
History
TV & Film
About Us
Contact Us
Copyright
© 2024 PodJoint
00:00 / 00:00
Sign in

or

Don't have an account?
Sign up
Forgot password
https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts221/v4/06/ef/cf/06efcf39-3811-e2bd-d381-348408a608fe/mza_10270617353381974807.jpg/600x600bb.jpg
Ting - frå Jærmuseet
Jærmuseet
5 episodes
1 week ago
I podkasten "Ting – frå Jærmuseet" får du historiene om gjenstandane du kan oppleva i Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i éin konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne gjenstanden opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren. Programleiar Christian Gilsvik inviterer til samtalar med fagfolk og lokale forteljarar som opnar skattekistene med historier frå Jærmuseet. Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
Show more...
History
RSS
All content for Ting - frå Jærmuseet is the property of Jærmuseet and is served directly from their servers with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
I podkasten "Ting – frå Jærmuseet" får du historiene om gjenstandane du kan oppleva i Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i éin konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne gjenstanden opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren. Programleiar Christian Gilsvik inviterer til samtalar med fagfolk og lokale forteljarar som opnar skattekistene med historier frå Jærmuseet. Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
Show more...
History
https://d3t3ozftmdmh3i.cloudfront.net/staging/podcast_uploaded_nologo/43893297/43893297-1750857552934-28888a6179856.jpg
Jagerflygarar på Sola – spionasje og kald krig
Ting - frå Jærmuseet
31 minutes 56 seconds
1 month ago
Jagerflygarar på Sola – spionasje og kald krig

I den nye episoden av "Ting frå Jærmuseet" skal vi dykke ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygarane under den kalde krigen. Denne tida forma ikkje berre forsvaret, men òg dei som sat i cockpit og flaug dei raskaste og mest moderne flya vi hadde.

For å kaste lys over denne litt skjulte sida av historia, har vi med oss Sondre B. Hvam. Han har intervjua heile 82 flygarar – og i dag får du møte ein av dei, her i studio. Sigfrid Hernes var ein av desse flygarane, og han fortel om kvardagen, kameratskapet – og dei dramatiske møta med sovjetiske bombefly i norsk luftrom. Og det skjedde altså i fredstid.

Visste du forresten at det på 1950-talet var heile 95 alvorlege flyulykker med militærfly? Minst 116 menneske i Forsvaret omkom – dei fleste av dei var flygarar. Om du tenkjer på det, betyr det nesten éin flygar som døydde kvar einaste månad, gjennom heile tiåret.

Musikken er frå Upright Music.
Programleiar og produsent: Christian Gilsvik.

"Ting frå Jærmuseet" er produsert av Screen Story for Jærmuseet.