Karsten Warholm treng eigentleg inga nærare introduksjon. Han er truleg den mest kjende sunnmøringen sidan Gange-Rolv. I denne episoden fortel Karsten om oppveksten på Sunnmøre, og korleis grunnverdiane han tok med seg derfrå har lagt grunnlaget for karrieren hans. Han deler historier om menneska og miljøa som har inspirert han, og peikar særleg på kor avgjerande laget rundt han har vore, med mor- Kristine og trenar- Leif Olav i spissen. Karsten reflekterer òg klokt over framtida, både si eiga og samfunnet rundt. Han understrekar kor viktig det er å tole motgang, og å kunne springe i motvind. Merittlista talar for seg sjølv: 1 OL-gull, 3 VM-gull og 3 EM-gull. I tillegg har han verdsrekorden på 400 meter hekk, med tida 45,94.
Monica Bjørhovde er direktør ved Thon Hotel Fosnavåg. Ho fortel om korleis ho fann vegen inn i hotellbransjen. Etter fleire år på Geilo vende ho tilbake til Sunnmøre for, saman med delar av næringslivet i Herøy, å bygge opp eit hotell ute i havgapet. Ho er svært oppteken av dei moglegheitene vi har på Sunnmøre, og ho likar dårleg når fokuset blir på det vi manglar. Monica deler òg ope om den alvorlege sjukdomen ho fekk i mars i år, og om kva slags refleksjonar dette har gitt henne.
I denne episoden møter vi Jarle Gunnarstein, daglig leder ved Larsnes Mek.
Han deler sin personlige bakgrunn, historien bak verkstedet på Larsnes og den nye dokka. Vi snakker også om det samfunnsansvaret Larsnes Mek både har – og tar.
Med over 900 fotballkamper for lokale lag, måtte vi naturligvis innom fotballen – og hva han har tatt med seg fra idretten inn i arbeidslivet.
Jarle er en mann som inspirerer menneskene rundt seg, og vi snakker om hvor viktig det er – både for ham og verkstedet – å bidra til trivsel i bygda og lokalsamfunnet.
Vi tar også en prat om en av de største utfordringene for næringslivet på Sunnmøre: rekruttering.