Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 11 | - Eg opplever at nye Øygarden kommune er eit fyrtårn og er ein viktig utviklingsaktør i vest.
Det seier fylkesordførar Jon Askeland i siste episode av kommunedirektør Johnny Breiviks podkast Rådhuset. Saman med ordførar Tom Georg Indrevik oppsummerer fylkesordføraren fem år med den nye kommunen og korleis Øygarden kan vera ein viktig utviklingsaktør i åra som kjem.
Tema i podkastepisoden er korleis fylket og kommunen kan stå saman om viktige samfunnsoppgåver, økonomi, det grøne skiftet, kollektivtransport og utdanning.
Fylkesordførar Jon Askeland lovar byggjestart for ny vidaregåande skule i Øygarden i 2028.
Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Øygarden kommune vil nytta den krafta det er at vi er ein stor kommune i Vestland.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 10 | - Eg har ein hang til å vera polemisk, og av og til må eg ta meg sjølv i nakken for ikkje å gå få for langt.
Det seier Sverre Bungum som for to veker sidan fekk tildelt kulturprisen 2024. Prisvinnaren har i så og seia brukt heile yrkeskarrieren sin i gamle Sund kommune som skulestyrar og byråkrat. I fritida brukte han tida på idrett, målarbeid og skulemusikkorps.
Sverre Bungum likar å skriva og har gjeve ut seks bøker. Dei siste åra har han vore ein lokal eldregeneral og talsmann for dei som treng god eldreomsorg.
- Eg har møtt dei vi ikkje ser. Dei som er åleine og har smerte, dei som ikkje passar inn i biletet av spreke pensjonistar, seier Sverre Bungum.
I den siste boka skriv han også om døden.
- Eg er meir redd for å vera åleine enn å dø åleine, seier han.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 9 | Øygarden kommune har inngått samarbeid med SafeChoice Clinic & Research. Dette selskapet kan visa til svært gode resultat for personar med kroniske helseplager.
- Sidan vi starta opp med dette har vi spart det offentlege og forsikringsselskapa for 100 millionar kroner, seier dagleg leiar Gerd Kvale som er professor i klinisk psykologi.
Saman med indremedisinar Eirik Søfteland er ho invitert av kommunedirektør Johnny Breivik i episode ni i podkasten Rådhuset.
Målet med dette digitalbaserte tiltaket er å skreddarsy eit opplegg med mål om auka funksjonsnivå og arbeidsdeltaking.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 8 | Frå helga av vert trafikken lagt om ved Storavatnet for dei som reiser til og frå Askøy. Korleis slår dette ut for trafikken til og frå Øygarden?
Kommunedirektør i Øygarden kommune, Johnny Breivik, har invitert prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, som gjest i episode åtte i podkasten Rådhuset. Ho fortel både om omlegginga ved Storavatnet og gjev oss status for arbeidet med Sotrasambandet. Det viktigaste bidraget til god trafikkflyt, er færre personbilar på vegen.
- Endringa gjeld ikkje for trafikken til og frå Øygarden. Men alle vil merka endringa, særleg i starten. Vi er avhengige av at bilistane viser omsyn til kollektivtrafikken. Gå inn på heimesida til Øygarden kommune og finn gode forslag til kva du kan gjera for å få god trafikkflyt, seier prosjektleiaren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 6 | - Eg blei berørt av dei personlege historiene.
Det seier forfattar av den ferske boka Krigens fargar, Vivian Midttveit. Ho er gjest i episode seks der kommunedirektør i Øygarden, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
I boka skildrar Midttveit enkelthistorier frå Telavågtragedien under andre verdskrigen. Ei heil bygd vart utsletta som ein hemnaksjon frå tyskarane. Vivian fortel om kvifor ho har skrive boka og gjev oss sterke historier frå ein tragedie som ramma eit heilt lokalsamfunn.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 5 | - Hald roen og sjekk røykvarslarane i heimen din og hos dei du er glad i! Det er eitt av råda frå kommunikasjonsleiar i Bergen brannvesen, Trine Sivertsen Sommerlade, og seksjonsleiar i Øygarden brann og redning, Leif Reithaug. Dei er på plass i Rådhuset der kommunedirektør Johnny Breivik i inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
I denne episoden får du mange gode råd om bruk av julebelysning, levande lys og trygg og god nyttårsfeiring. Denne veka markerer brannvesenet røykvarslardagen.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 4 | Silje Mæland er professor på Universitetet i Bergen og forskar mykje på sjukefråvær. Ho er gjest i episode fire i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
- Ta tidleg kontakt ved sjukefråvær og spør den sjukemeldte om kva vi kan gjera for deg, seier Mæland som samarbeider med Øygarden kommune i prosjektet Jobben gjer frisk.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 3 | I denne episoden har vi flytta mikrofonane til Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 8. november. Overskrift for konferansen er Vidsyn, vilje og visjon.
Vi snakkar med foredragshaldarar, deltakarar og arrangøren Vest Næringsråd. Blant gjestene er næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og partileiar i Høgre, Erna Solberg.
I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss. Og denne gongen er det altså fleire gjester som har noko på hjarta.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 2 | Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, er gjest i episode to i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
- Eg har veldig stor tru på å merkevarebyggja kysten. Øygarden har lett tilgjengeleg natur med ein utruleg spennande historie, ikkje minst krigshistorie, seier Anders Nyland som meiner Øygarden har stort potensiale innan reiseliv.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Episode 1 | Ordførar Tom Georg Indrevik får æra av å vera gjest i den første episoden av Rådhuset. Etter den offisielle opninga av podkasten, snakkar han om dei fem første åra for Øygarden kommune.
- For meg har møtet med menneske vore det største som ordførar i desse åra. Møtet med innbyggjarane, dei tilsette og næringslivet har gjeve oss framtidsoptimisme, seier ordføraren i denne episoden.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.