Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Professor i filosofi Arne Johan Vetlesen har vore aktiv i norsk debatt i fleire tiår. Dei siste åra har han vore engasjert i miljøspørsmål, og han er no ute med boka "Living with disappointment in the face of climate crisis: resilience, resistence, and denial". Her beskriv han korleis fornekting vert stadig viktigare i ei verd der klimaendringane vert tydeligare og tydeligare.
Eg sette meg ned med Vetlesen for ein prat om boka, men vi kom bort i så mange emne at dette rett og slett vart to episodar.
I denne første episoden snakkar Vetlesen om plikta til å varsle i lys av fare - anten det er folkemord som han har jobba med før, eller klima- og miljøkriser. Varslaren er ein utsatt posisjon, men ei plikt for den som har kunnskapen. Vi snakkar også om korleis ein skal forholde seg til klimakrisa. Gir det meining med individuell endring av eigen livsstil for å endre ei global krise, eller kan vi lene oss tilbake og vente på at Kina og USA ordnar opp?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Klimaendringane gir stor usikkerheit for norsk petroleumsverksemd, og dermed også norsk økonomi. Har norsk næringsliv omstillingskrafta og innovasjonsevnen for eit liv etter oljen?
For å finne ut av dette har eg reist heim til Sunnmøre. Her har det tette samarbeidet mellom rederi og båtbyggarar kombinert praktisk innsikt med teknologisk vidsyn. Resultatet har vorte nokon svært innovative kunnskapsmiljø, som har produsert nyvinningar i eit imponerande tempo. Og no har dei sikta seg inn på det grøne skiftet.
I denne episoden snakkar eg med Tore Ulstein om framtida til Norsk maritim industri i møte med ei verd i endring. Ulstein er styreleiar i Ulstein Group, tidligare president i NHO, og rådsmedlem i det Norske Eksportrådet. Her deler han sine tankar om korleis Sunnmøre har bygd opp ein internasjonalt konkurransedyktig tenkologisk industri, og kva moglegheiter vi har i det grøne skiftet.
Ulstein er ikkje i tvil - skal vi ha eit vitalt næringsliv også i framtida så må vi ta grep no.
Foto: Ulstein Group
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Samiske aktivistar kranglar med Statkraft om vindmøller på Fosen. Senterpartiet vil ha vern gjennom bruk, medan andre vil berre ha vern. Og korleis blir stemninga kring bålpanna om ein foreslår til jaktlaget at dei bør stemme MDG om dei er så glade i natur?
Her er vi ikkje einige - hverken om kva natur eller kva naturvern er. Men kanskje det er håp. Vi snakkar med Terje Finstad (NTNU) om boka "Naturforvandlinger", der han og Per Østby viser korleis norsk mijøvern har lange og kronglete røter. Og at kva miljø vi eigentlig snakkar om er i stadig endring.
Foto: Lars R. Bang (NTNU)
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Som lokalpolitikar i MDG møter eg mange rare reaksjonar - og mange gode spørsmål!
Eg stiller Jonas dei vanskelige spørsmåla.
Kvifor er MDG så små når miljø er så viktig?
Har ikkje FrP eit poeng med symbolsk miljøpolitikk?
Må ein vere hipster for å vere med i MDG, eller kan ein vere glad i jakt og bålpanne også?
Og kva er eigentlig ein grunnplanke?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Er ikkje borgarleg miljøpolitikk berre grønvasking? Eller er det den realistiske vegen til nullutsleppssamfunnet?
I denne episoden spør eg Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yamci kva borgarleg miljøpolitikk eigentlig er for noko.
Eg utfordrar han til å overbevise meg om at ei borgarleg regjering er det beste valet for miljøet vårt.
Sjekk det ut!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.