Home
Categories
EXPLORE
True Crime
Comedy
Business
Society & Culture
History
Sports
Health & Fitness
About Us
Contact Us
Copyright
© 2024 PodJoint
00:00 / 00:00
Sign in

or

Don't have an account?
Sign up
Forgot password
https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts221/v4/a8/43/38/a8433873-dac6-dcd7-0832-31fee5572862/mza_259506856750711079.jpg/600x600bb.jpg
mohnitor – UiS podkast
Universitetet i Stavanger
20 episodes
1 day ago
Podcaster og forelesninger fra Universitetet i Stavanger - UiS. Podcasts and lectures from UiS, University of Stavanger Norway
Show more...
Education
RSS
All content for mohnitor – UiS podkast is the property of Universitetet i Stavanger and is served directly from their servers with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
Podcaster og forelesninger fra Universitetet i Stavanger - UiS. Podcasts and lectures from UiS, University of Stavanger Norway
Show more...
Education
Episodes (20/20)
mohnitor – UiS podkast
Den fabelaktige narsissisten, med Gunhild Bjaalid og Espen Skorstad

Kva skjer når prestasjonskultur og sjølvforherligelse går viralt?
Bli med på ein frisk prat om narsissisme, frå speglande selfies til sjølvhevdande sjefar. Med psykolog og forfattar Espen Skorstad, og organisasjonsforskar Gunhild Bjaalid.
Ein podkast om ego, ambisjon – og trongen til å bli sett.
 
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
1 week ago
40 minutes 7 seconds

mohnitor – UiS podkast
Landet som ble for rikt, med Martin Bech Holte

Med Landet som ble for rikt traff Martin Bech Holte ein nerve i norsk sjølvforståing. Boka blir elska, hata – og diskutert overalt. Møt forfattaren til ein samtale om overflod, sløsing og den norske modellen – om ripene i det norske glansbiletet, og om kvifor det gjer så vondt når sanninga slår sprekker.
 
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
2 weeks ago
47 minutes 28 seconds

mohnitor – UiS podkast
Museum som maktfaktor, med Med Ingrid Fiskaa, Fedir Androshchuk og Kristin Armstrong Oma

Med krig, konflikt og polarisering kjem sjølv kulturarven vår under åtak. Historia blir eit spenningsfelt, for kultur, identitet og tilhøyrsle. Gjer klar for ein høgaktuell samtale om museum som maktfaktor. Me snakkar om åtak på kulturarven, kampen om sanninga – og kva som står på spel når historia blir eit våpen.
 
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
2 weeks ago
45 minutes 1 second

mohnitor – UiS podkast
KI i skule og utdanning. Med Kari Nessa Nordtun og Paolo H. Scarbocci

Skjermar i småskulen? KI på eksamen? Er det framtida – eller galskap? I denne episoden møter du kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og høgskulelektor Paolo H. Scarbocci til ein ærleg og skarp samtale om ny teknologi i skulen. Vi snakkar kunstig intelligens, skjermbruk, læring, leik – og kva det eigentleg betyr å vere “digitalt kompetent” i 2025.
Episoden er tatt opp live fra KnowHow EdTech
Transkripsjon av episoden (pdf, åpnes i nytt vindu)
Show more...
1 month ago
40 minutes 36 seconds

mohnitor – UiS podkast
Krig, krise og håp. Med Jan Egeland og Ingrid Tjoflåt

Kva får ein sjukepleiar til å dra på oppdrag i krigsherja Kabul nærmast på ståande fot? Og korleis bevarer ein håpet som naudhjelpsdiplomat når ein ser verda falle saman – gong etter gong? I denne episoden av Mohnitor møter du Jan Egeland og Ingrid Tjoflåt – to som faktisk går inn der dei fleste andre vil ut.
Det handlar om krig, krise og håp – og om å gjere ein forskjell når alt står på spel.
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
1 month ago
45 minutes 12 seconds

mohnitor – UiS podkast
Forsking i næringslivet – kven må skjerpe seg? Med Rebekka Borsch, Rune D Fitjar og Sigrun G Aasland

Alle snakkar om forsking, men kven vil betale? Noreg slit med laber innsats frå næringslivet, og planane har ikkje funka. Kva er det som sviktar – og kven må skjerpe seg? Høyr podkast frå Arendalsuka med NHO-direktøren, UiS-forskaren og forskingsministeren!
 
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
2 months ago
43 minutes 48 seconds

mohnitor – UiS podkast
Kor godt skal dyra våre ha det? Med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten og Aksel Braanen Sterri

Kva kan dyrevelferd fortelje oss om individ og samfunn? Kva skjer når etiske ideal møter praktiske realitetar i landbruk, politikk og forbruk? Bli med på ei utforsking av dilemma, interesser og omsyn i dyrehald og matproduksjon, med Bothild Åslaugsdotter Nordsletten og Aksel Braanen Sterri.
 
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
5 months ago
49 minutes 32 seconds

mohnitor – UiS podkast
Laksen og livet – med Finn E. Krogh og Anders Lamberg

Beskrivelse av episoden: Kva er det med villaksen, korleis lever han, og kva skal me med han? Høyr lakseepisoden i podkasten mohnitor, med Finn E. Krogh og Anders Lamberg, to store kapasitetar innan lakseforvaltning og naturovervåking. Den eine kjenner laksen gjennom fiskestanga – den andre gjennom data, feltarbeid og forsking.
 
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).
Show more...
5 months ago
52 minutes 23 seconds

mohnitor – UiS podkast
Folkeopplysing i hyperoffentlegheita – med Hilde Sandvik og Jan Inge Reilstad

Beskrivelse av episoden: Hva skjer med folkeopplysinga når alt blir offentleg – heile tida? Kva hjelp kan det være i langsame samtaler og fysiske festivalar når me skal navigere i det moderne medielandskapet. Bli med på ei ein tankevekkande samtale med Hilde Sandvik og Jan Inge Reilstad – om sanning, synlegheit og ytring i vår tids digitale støy.
 
Transkripsjon av episoden
Show more...
6 months ago
48 minutes 9 seconds

mohnitor – UiS podkast
Olje, overflod – og Trump; med Kalle Moene

Med krig og uro fløymer Noreg over av oljeinntekter. Me set pengane på bok, og delar lite med andre enn oss sjølv. Burde me gitt bort Oljefondet? Har rikdommen gjort oss sjølvtilfredse, late og gjerrige? Eller står me klare til å tilpasse oss når Trump demonterer verda? Samtalen tek me med økonomiprofessor Kalle Moene.
Transkripsjon av episoden
Show more...
6 months ago
45 minutes 36 seconds

mohnitor – UiS podkast
Fuglane og oss – med Karoline H. Holmboe og Endre H. Kvangraven

Fuglane svirrar rundt oss alle, over alt og alltid. Kva betyr dei for oss? Fred, fridom, omsorg eller undergang? Kva kan dei lære oss – om naturen, om kulturen – og om oss sjølv? I samtalen ser me på fugl og fugleliv gjennom ulike linser. Bli med på ei reise i verda av fuglar og fugleinteresserte, frå symbolikken i litteraturen til jakta på det perfekte fuglefotografiet – og mykje meir.
Transkripsjon av episoden
Show more...
7 months ago
38 minutes 45 seconds

mohnitor – UiS podkast
Kva er det med generasjon Z? med Liv Sand og Kayla Vågen

Generasjon Z er er pressa av produktivitet, perfeksjonisme, kroppspress og konstant digital deltaking. Med førsteamanuensis og psykolog Liv Sand og student Kayla Vågen tek me samtalen om korleis generasjon Z tilpassar seg, kva som står på spel, og kva for potensial ungdommen vår ber på.
Transkripsjon av episoden
Show more...
7 months ago
47 minutes 23 seconds

mohnitor – UiS podkast
Er folkehelsa i forfall? med Eva Leibinger og Stein Ørn

Ungdom blir stadig mindre aktive – og konsekvensane er alvorlege, ikkje berre på kort sikt, men for helse og velferd i vaksenlivet. Lege, professor og sykkeltrenar Stein Ørn og forskar og tidlegare turnar Eva Leibinger snakkar om verdien av fysisk aktivitet blant barn og unge, og om korleis grunnlaget for god helse kan bli utvikla – eller underminert.
Transkripsjon av episoden
Show more...
7 months ago
43 minutes 6 seconds

mohnitor – UiS podkast
Alkohol trumfar helsa – med Torgeir Gilje Lid

Alkohol grip inn i mange sider av livet vårt, og er nærmast ein del av kvardagen. Mange føretrekk å drikke framfor å la være. Men kva gjer eigentleg alkoholen med oss? I denne episoden fordjupar me oss i dei skjulte helseverknadane av alkohol, og drøfter deretter kvifor det er så vanskeleg å endre drikkevanane våre? Samtalen tek med lege og rusforskar Torgeir Gilje Lid.



Transkripsjon av episoden
Show more...
7 months ago
49 minutes 6 seconds

mohnitor – UiS podkast
Kielland-ulykka, oppgjerets time – med Mímir Kristjánsson og Marie Smith-Solbakken

45 år etter Kielland-ulykka, der 123 menneske mista livet på Ekofisk-feltet, står mange spørsmål utan svar. Kva var årsaka bak katastrofen, og kvifor har det vore så vanskeleg å få klarheit?
I denne episoden dykkar me ned i den nyaste rapporten som avslører forsvunne dokument, og diskuterer kva dette kan bety for etterlatne og pårørande. Bli med Marie Smith-Solbakken og Mímir Kristjánsson på eit djupdykk i ei av Noregs største og mest omstridde tragiske hendingar.
Transkripsjon av episoden 
Show more...
8 months ago
46 minutes 42 seconds

mohnitor – UiS podkast
Space oddity – med Ole Dokka og Daniel Cau Varming

Jeff Bezos og Elon Musk er nær sagt besatt av rakettar og romferder. Men og i vår del av verda er romfart på frammarsj. Er det filosofi og ideologi, teknologioptimisme og eventyrlyst, nyfikne og kunnskapshunger – eller er det utsikter til verdiskaping og sysselsetting? Samtalen tek me med Ole Dokka, adm dir i Spaceport Norway og Daniel Cau Varming, student og grunnleggar av UiS Aerospace.
Transkripsjon av episoden.
Show more...
8 months ago
51 minutes 19 seconds

mohnitor – UiS podkast
Krig og krise: Kor farleg er det? Med Bent Høie og Sissel H. Jore

Livet har blitt meir farleg dei siste åra. Det er krig i Europa, Trump demonterer demokratiet i USA og ny teknologi aukar risikoen for digital og hybrid sabotasje. Kor redde skal me være, og korleis kan me preppe? Gjester i samtalen er statsforvaltar Bent Høie, og professor i samfunnsikkerheit Sissel Haugdal Jore.
 
Du finner autotranskripsjon av episoden her.
Show more...
8 months ago
46 minutes 39 seconds

mohnitor – UiS podkast
Kunnskap og samfunn – med Sigrun G. Aasland og Marte C. W. Solheim

Kunnskap er ei viktig kjelde til verdiskaping, vekst og velferd, men kjem ikkje av seg sjølv. Korleis kan politikken sikre kunnskap som står i stil med behova i samfunnet rundt oss? Gjestene er minister for høgare utdanning og forsking, Sigrun Gjerløw Aasland, og professor og prorektor for innovasjon og samfunn, Marte C.W. Solheim (UiS).
 
Du finner autotranskripsjon av episoden her.
 
Show more...
8 months ago
42 minutes 50 seconds

mohnitor – UiS podkast
Det politiske klimaet – med Arild Hermstad og Svein Tuastad

Klimapolitikken har tapt terreng dei siste åra, både internasjonalt og i Noreg. Vil ei rein AP-regjering gjere nokon forskjell, eller er motvinden tyngre enn som så? Klaus Mohn samtaler med MDG-leiar Arild Hermstad og statsvitar Svein Tuastad ved UiS.
Du finner transkripsjon av episoden her.
 
Show more...
9 months ago
51 minutes 44 seconds

mohnitor – UiS podkast
Kvifor vil ikkje fleire bli lærar? Med Kari N. Nordtun, Elaine Munthe og Hege E. Røen

Alle kan einast om at lærarane gjer ein viktig og verdifull jobb. Kvifor står då ikkje ungdommen i kø for å bli lærar? Klaus Mohn samtaler med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, professor Elaine Munthe og skolesjef i Sandnes Hege Egaas Røen om kva som ligg bak fråfallet av søkjarar til lærarutdanninga, og kva som skal til for å betre rekrutteringa til yrket. 
Transkripsjon av episode
.
Show more...
9 months ago
45 minutes 32 seconds

mohnitor – UiS podkast
Podcaster og forelesninger fra Universitetet i Stavanger - UiS. Podcasts and lectures from UiS, University of Stavanger Norway