Vi lever! Jada, vi er her framleis og alt går sin gang på mangesysleriet. Men i tillegg til våronna har det vore litt ekstra mykje for oss å tenkja på dei siste vekene, for vi har samstundes jobba med å førebu oss til BRYLLUP.Er vi ikkje allereie gift, tenkjer du kanskje. Jo, det er vi, men festen fekk vi aldri hatt, og dei fleste fekk ikkje med seg at vi gifta oss heller, for det skjedde i smug i februar 2020. Så kom koronaen, den store feiringa måtte utsetjast, og så flytta vi på gard og ha...
Show more...