Gamle metodar, naturleg materiale, freskomaleri og kjemi. Og kva har Afrika med alt dette å gjere? Og kor viktig er berekraft?
Høyr billedkunstnar og freskomalar Bent Erik Myrvoll kunstnarfellesskapen Aggregat
Kva har fotball med berekraft å gjere? Høyr dagleg leiar i AaFK, Geir Steinar Vik, snakke om klubbens berekraftengasjement med Anne-Bente Skjellum.
Å brenne det vi andre kastar og ikkje sitte igjen med avfallsstoffa - korleis gjer TAFJORD dette og kva tenker dei rundt ei framtidsretta utvikling og samarbeid med andre? Irene Vik, direktør for energigjennvinning hos Tafjord Kraftvarme AS er på besøk hos Anne Bente Skjellum i Framtidslaben.
Korleis arbeider Statens vegvesen med berekraft og tar vare på samfunnsoppdraget sitt om å utvikle gode vegsystem der transporten ikkje fører til alvorleg skade på menneske eller miljø – ei umogleg oppgåve?
Møt leiar for HMS og berekraft i Statens vegvesen Gina Ytteborg i samtale med kommunikasjonsansvarleg i Framtidslaben Anne-Bente Skjellum.
Framtidslaben (United Future Lab) har vore med å utvikla ein kurspakke for ungdomsbedrifter som skal gjere det enklare for bedriftene å arbeide med berekraft.
Arbeidet er gjort saman med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.Fleire av partnarane i Framtidslaben har bidratt med tips og triks til ungdommane.
I denne episoden av Framtidspoden fortel dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, Lars Øyvind Baltzersen om Bærekraftig Bedrift til kommunikasjonsansvarleg i Framtidslaben, Anne-Bente Skjellum.
Framtidslaben - eller United Future Lab, som den også heiter blei offesielt opna 7. november 2019. Kva er Framtidslaben? Kva gjer dei der? Kven er partnarar i Framtidslaben og kvifor? Dagleg leiar i Framtidslaben, Kristine Oda Walderhaug Sæther svarer på spørsmål frå Anne-Bente Skjellum.