Home
Categories
EXPLORE
True Crime
Comedy
Society & Culture
Business
Health & Fitness
Sports
History
About Us
Contact Us
Copyright
© 2024 PodJoint
Loading...
0:00 / 0:00
Podjoint Logo
US
Sign in

or

Don't have an account?
Sign up
Forgot password
https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts211/v4/ab/e5/b7/abe5b795-683b-299f-cacd-e1080ab70e76/mza_8834118319261953840.jpg/600x600bb.jpg
Eder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
49 episodes
5 days ago
I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen. Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande nytt! Vi har òg fått inn spørsmål frå lyttarane som vi sende vidare til dagleg leiar Hans-Øyvind ...
Show more...
Football
Sports
RSS
All content for Eder & Galle is the property of Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte and is served directly from their servers with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen. Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande nytt! Vi har òg fått inn spørsmål frå lyttarane som vi sende vidare til dagleg leiar Hans-Øyvind ...
Show more...
Football
Sports
Episodes (20/49)
Eder & Galle
Ekte hat, surt tap – men me er Bryne
I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober. Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med. I Tippe-tipset vart det endeleg klingande mynt igjen, og inntektene går som alltid...
Show more...
4 days ago
1 hour 37 minutes

Eder & Galle
Hatet lever – og no smeller det!
I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta. Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei faste, folkekjære spaltene våre: Fantasy , tippetips og snapchat spørsmål frå dykk lyttarar. Men s...
Show more...
1 week ago
1 hour 27 minutes

Eder & Galle
Frå jubel på Jæren til vågal optimisme i nord
Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF. Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden! Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste kamp i Tromsø. Salten Kjenner lukta av poeng, medan Hobberst kanskje lovar litt i overkant dersom...
Show more...
2 weeks ago
1 hour 19 minutes

Eder & Galle
Frå krøll mot KFUM til krig mot kongeblå – og kva skjer med Moreira?
I dagens episode av Eder & Galle er det kampen mot KFUM som vert analysert av Hobberst og Salte. Kva kan Bryne ta med seg vidare? To spelarar har forlate Jæren – det vert kort nemnt før fokuset skiftar over til overgangsrykter. Kven er det som byr på Moreira? Kven ønskjer duoen seg inn dørene på Bryne stadion? Og har klubben faktisk sendt ut eit konkret bod på ein ny spelar? Det vert også ein runde med Fantasy-prat. Som vanleg kjem dei også med tippetips, slik at du kan gå helga i m...
Show more...
3 weeks ago
1 hour 15 minutes

Eder & Galle
Episoden der lyden spelar på bortebane
I dagens episode – som dessverre tek eit steg eller ti tilbake på det tekniske planet – tar Hobberst og Salten likevel fram dei store brillene for å snakke om HamKam-kampen. Dei går gjennom sjølve kampen, delar ut børs til spelarane, og ser nærare på kva som gjekk bra og mindre bra. Det blir også tid til litt tipping, ein runde med fantasy-prat, og ein kort kikk på den kommande kampen mot KFUM. Der trur duoen at Bryne kan møte tøffare motstand enn mange ventar. Tross tekniske utfordringar – e...
Show more...
1 month ago
38 minutes

Eder & Galle
Bryne i medvind og motvind – og litt Görlich i sidebrisen
I denne ferske episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte føre seg 1–1-kampen borte mot Sarpsborg. Dei to går og grundig inn på det som har vorte ein snakkis i Bryne-krinsar: den noko spesielle situasjonen med Luis Görlich, som valde å kjøpa seg ut av kontrakten med klubben. Kvifor skjedde det, og korleis handterte Bryne det i media? Hobberst og Salte sparar ikkje på meiningane når dei diskuterer korleis saka vart kommunisert ut. Mot slutten rettar dei blikket framover mot den komande...
Show more...
1 month ago
51 minutes

Eder & Galle
Eliteserien er tilbake – og det er brått meiningstvang igjen
Podkastferien er over, og duoen er tilbake – småbleike, middels opplagde, men klare for å meine ting igjen. Først blir det litt snakk om treningskampen mot FK Haugesund. Var det noko som såg bra ut? Kanskje. Var det noko som såg litt så som så ut? Definitivt. Deretter skal den heilage bunken med lytterspørsmål plukkast frå kvarandre. Ingenting er for smalt, for breitt eller for kranglete – alt skal få svar, anten det fortener det eller ei. Så blir det tipping! Det er klart for ny runde i Elit...
Show more...
1 month ago
51 minutes

Eder & Galle
Bryne mot Sandefjord, børs, odds og trenarrykter!
Hobberst og Salte tek deg gjennom oppgjeret mot Sandefjord – med spelarvurderingar, analyse og prat om korleis Bryne leverte. Dei sjekkar om det var pengar å hente på oddsen denne runden, og fantasy-laget får seg ein grundig gjennomgang – kven leverte, og kven svikta? I tillegg snakkar dei om rykta som går: Er hovudtrenar Kevin Knappen på veg bort? HamKam skal visstnok ha han på blokka – bør Bryne-fansen uroa seg?
Show more...
1 month ago
42 minutes

Eder & Galle
Siger, håp og marknadssjef i studio
I vekas episode av Eder & Galle går Hobberst og Salte gjennom den sterke innsatsen mot FFK, der Bryne tok med seg tre nye poeng. Optimismen spreier seg i studio – faktisk så mykje at dei byrjar å tru på nye tre poeng heime mot Sandefjord til helga. Denne gongen har dei og fått med seg marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, som svarar på misnøya rundt kampopplevingane på stadion så langt denne sesongen. Han fortel kva klubben jobbar med for å betre arrangementa, og tek opp korleis b...
Show more...
2 months ago
1 hour 37 minutes

Eder & Galle
Poeng i Drammen, cupen glapp, kritikken traff – og Fredrikstad lurer i horisonten
I vekas episode av Eder & Galle tek Hobberst og Salte oss med tilbake til 16. mai i Drammen, der Bryne drog på bortekamp mot Strømsgodset. Med låge forventningar i bagasjen lurte duoen på om det i det heile tatt var mogleg å få med seg poeng heim. Men Bryne svara med innsats og effektivitet – og jammen vart det ein lukkeleg tur tilbake i taxi mot Gardermoen. Riktignok ikkje utan ei viss uro og særs variabel humor under transporten. Deretter går turen vidare til cupkampen mot KFUM. Gleda v...
Show more...
2 months ago
1 hour

Eder & Galle
Nederlag, gevinst og tur til Drammen
I denne ferske episoden av Eder & Galle snakkar Hobberst og Salte om nederlaget mot Molde. Trass i skuffelsen meiner dei at Molde er eit betre lag enn tabellplasseringa tilseier – det synte dei tydeleg på bana. Likevel er det eit surt tap for gutane, som hadde håpa på meir mot laget frå rosenes by. Men det finst lyspunkt: Tippinga har endeleg gjeve avkastning! Denne veka har dei treft blink, og premien – som alltid – går rett inn på kontoen som skal donerast til Barnekreftforeininga. ...
Show more...
2 months ago
1 hour 28 minutes

Eder & Galle
Cupnerver, klokkeklar scoring og neste stopp: Molde!
I denne episoden tek me dykk med til den dramatiske cupkampen der Bryne sikra seg vidare avansement med eit mål heilt på tampen – berre to minutt før det ville blitt straffesparkkonkurranse. Med høg puls og lågt blodtrykk går me gjennom den intense avslutninga, der Bryne verkeleg viste cupform og kjempa seg vidare. Vidare tek me for oss lytterspørsmål. Til slutt rettar me blikket mot neste kamp: Molde på heimebane. Korleis skal Bryne angripe dette? Kva må til for å få med seg poeng?
Show more...
2 months ago
55 minutes

Eder & Galle
Gutar mot menn på Lerkendal
Det vart brutalt då Bryne tok turen til Lerkendal – ein kamp der Rosenborg viste kvar skapet skal stå. Det vart gutar mot menn, og det prega både resultatet. Vi går gjennom spelarane ein etter ein og en vi ser òg framover, for det kjem ein ny kamp: Cupkamp mot Brann på onsdag. Ein moglegheit til å slå tilbake, vise karakter og kanskje overraske. Vi diskuterer kva som må til for å tukte eit Brann-lag i form, og kven som bør få tillit i det som kan bli ein cupklassikar.
Show more...
2 months ago
46 minutes

Eder & Galle
Brannslukkinga gjekk skeis
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salten oss med på tur til Bergen – byen mellom dei sju fjella – der Bryne tok ein tidleg 2–0-leiing mot Brann. Alt såg lovande ut, men historia har ein tendens til å gjenta seg, og som før: det heldt ikkje. På overtid rakna det, og Brann stakk av med alle poenga. Det vart ein tung heimtur for duoen som allereie i forkant hadde åtvara seg sjølve – Bryne og 2–0 i Bergen er sjeldan ein trygg kombinasjon. Oddstipsa til gutane får som vanleg ste...
Show more...
3 months ago
56 minutes

Eder & Galle
Frå Torvastad til Bergen – og eit lam på vegen!
I den nyaste episoden av podkasten Eder & Galle diskuterer Hobberst og Salte Bryne sin 3–1-siger over FK Haugesund. Dei går gjennom kampen, kven som utmerka seg, og korleis Bryne klarte å sikre seg tre viktige poeng. Ein del av praten går òg til dette mykje omtalte lammet som vart gitt som premie til banens beste – eit stunt som har skapt både latter og diskusjon i fotballmiljøet. Gutane kommenterer responsen og deler sine eigne tankar om kva som er greitt og kva som kanskje går litt lang...
Show more...
3 months ago
1 hour 4 minutes

Eder & Galle
Cup, Eliteserie og 2003: Kvar står klubben no?
Spørsmålsbonanza! I tillegg: 🥔 Me ser tilbake på cupkampen mot Varhaug – blei det cupfest eller meir slit enn magi? 🏟️ Det kjem mange spørsmål om stadion, og me tek ein grundig prat om tribunene og kva som må på plass for å halda nivået oppe på stadion på kampdag. ⚽ 2. påskedag er det klart for kamp igjen – me ser fram mot heimeoppgjeret mot FK Haugesund i Eliteserien. 📅 Me samanliknar klubben i dag med 2003, sist me var i det gode selskap – kva har endra seg, og...
Show more...
3 months ago
1 hour 13 minutes

Eder & Galle
Tapet på Nordmøre, Varhaug og Skrettingpølser i cupen
I denne episoden av Eder & Galle får alle Bryne-spelarane poeng etter 2-1-tapet på Nordmrøe. Hobberst og Salte diskuterer også om Bryne er heldige som ikkje har tapt meir mot Kristiansund. Når det gjeld straffesituasjonen på slutten, er dei sa,de om hendinga. Begge meiner det er eit klart straffespark. Så vender gutane blikket mot den kommande NM-runden mot Varhaug. Det er ein viss optimisme i lufta, men også ein god dose humor. Hobberst er tidleg ute med å spørje om dei har fått ta...
Show more...
3 months ago
55 minutes

Eder & Galle
Er Bryne betre enn Olympiakos?
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberst og Salte eit dypdykk i Bryne si serieopning mot Bodø/Glimt. Dei diskuterer kampens høgdepunkt, kva som fungerte bra, og kva som kan bli betre. Vidare går dei gjennom lyttarspørsmåla som har komme inn. Det blir tid til å snakke om fantasy-laga deira og korleis dei har prestert så langt, samtidig som dei reflekterer over korleis det står til i fantasy-ligaen- I tillegg får vi ei oppdatering på korleis tippinga deira har gått. Avslutningsvis ser ...
Show more...
4 months ago
1 hour 11 minutes

Eder & Galle
Eliteserien 2025, nye spaltar og Fantasy-satsing!
I denne episoden av Eder & Galle tippar Hobberst og Salte Eliteserien 2025. Episoden startar med Bryne, der ein spelar er på veg ut, medan ein annan er på veg inn. Nye spaltar skal presenterast, og Oddsen er ein ny spalte i samarbeid med ein sponsor, der all gevinst vil gå til Barnekreftforeningen. Som ein ekstra godbit har vi også ein ny spalte med Eliteserien Fantasy. Gutane presenterar laga sine og kjem til å halde lytterne oppdaterte med resultat og kven som toppar tabellen i Eder &am...
Show more...
4 months ago
1 hour 11 minutes

Eder & Galle
Fullt hus
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberst og Salte besøk av Sondre Norheim, Axel Kryger og Kevin Knappen. Samtalen dreier seg mykje om den kommande sesongen i Eliteserien, og dei diskuterer alt frå forventningar til utfordringar. Kevin er med på å gå gjennom treningskampane, og gir innsikt i korleis laget har forberedt seg før seriestarten. Axel deler også sine tankar om den dramatiske kampen mot EIK frå i fjor, og minnene frå den kampen blir eit sentralt tema. Det er mykje god fotbal...
Show more...
4 months ago
1 hour 49 minutes

Eder & Galle
I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen. Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande nytt! Vi har òg fått inn spørsmål frå lyttarane som vi sende vidare til dagleg leiar Hans-Øyvind ...