
I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar - Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song.
Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med kvinnefellesskapa som voks fram i heimar, kyrkjesalar og kvinneforeiningar – fellesskap som bar både kvardagsliv og tru. Me får høyra korleis dei bar kultur, språk og tradisjon vidare – frå hand til hand, frå mor til dotter, frå ei stove på slettene til ei kyrkje i storbyen.
Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Medredaktør: Katherine Jane Hanson
Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen
Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber
Støtta av: Fritt Ord