
Denne bonusepisoden blei spelt inn live ved grisebingen på Fausko Gard søndag 9. juli 2025, på Djupgrøn Feriekoloni
Å styrke samhold og fellesskap er viktig i desse tider, og kva er vel betre enn å bruke litt av sommarferien på å filosofere i fjellet med fine folk, tenkte Sigrid og Margit i vinter. Med inspirasjon frå fredsaktivistar og økosofar som Arne Næss, inviterte me difor vener (og podcast- følgarar) til å bli med på nokre dagar i vakkert kulturlandsskap, der fri leik, natur og friluftsliv blandast med litt gardsliv, litt politisk diskusjon, litt yoga og litt diverse kurs og foredrag. No kan du høyre eit utdrag frå feriekoloniens diskusjoner på pod.
I denne samtalen diskuterer me grisens personligheit, dyrs eigenverdi, og - kor går egentlig grensa for hva som er «akseptabelt» dyrehold?
Millioner av dyr i Norge ser ikkje dagslys gjennom livet sitt, og har ikkje moglegheit til naturleg adferd. Kva kan me gjere, som bønder, politikarar, og som konsumenter?