
Denne veka har me besøk av to spelarar frå Sogndal FK Damer, Maia Lindesteg Øen og Emma Sæbø. Dei fortel litt om seg sjølv, litt om den imponerande 2022-sesongen og om kampane i årets sesong. Fristen for å melda seg på borteturen til Åsane er 7. mai. Påmeldingsinformasjon finn du på sogndalfotball.no eller saftkokaradn.no. For å vera med i trekninga av 2 kinobillettar til filen: Birk og Magna - Gruvens mørke hemmelighet må du finna innlegget om denne podkastepisoden på Facebook-sida til Sogndal Fotball og kommentere "kinobillett".