Home
Categories
EXPLORE
True Crime
Comedy
Society & Culture
Business
Sports
History
TV & Film
About Us
Contact Us
Copyright
© 2024 PodJoint
00:00 / 00:00
Sign in

or

Don't have an account?
Sign up
Forgot password
https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts126/v4/9f/38/b7/9f38b7ff-513b-c7f4-b2a0-1fcaaf36b8c8/mza_15675703180696875213.png/600x600bb.jpg
Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
HK-dir
86 episodes
4 weeks ago
Podcast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Show more...
Education
Government
RSS
All content for Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse is the property of HK-dir and is served directly from their servers with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
Podcast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Show more...
Education
Government
https://pbcdn1.podbean.com/imglogo/ep-logo/pbblog4242976/Podd_-_logo_9kg5ew.jpg
Kva er meiningsfulle val?
Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
32 minutes 33 seconds
1 year ago
Kva er meiningsfulle val?
Målet med karriererettleiing blir definert i Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing som at menneske blir betre i stand til å handtere overgangar, og til å ta meiningsfulle val knytt til utdanning, læring og arbeid gjennom livet. Men korleis veit vi at noko gjev meining? I denne podkast-episoden snakkar vi med førsteamanuensis i karriererådgjeving og rådgjevingsvitskap ved Institutt for pedagogikk og livslang læring på NTNU, Hannah O. Svennungsen. Svennungsen var den første som tok doktorgrad innan karriererettleiing, med doktorgraden «Making Meaningful Career Choices. A Theoretical and Q-methodological Inquiry» i 2011. Ho forskar primært på karriererettleiing for vaksne, og er spesielt oppteken av meining og kva det er som er meiningsfylt i karrierane til menneske, og korleis karriereval, karriereutvikling og karrierelæring kan forståast og får innverknader på menneska sine liv. Svennungsen er også oppteken av korleis ein kan jobbe for at utsette grupper kan bli inkluderte i arbeidslivet og utdanning for å få meiningsfylte karrierar og liv, og har mellom anna vore involvert i eit prosjekt med bruk av VR-briller i Nav. Å snakke om meining er helt i kjernen av kva karriererettleiing handlar om, og er sentralt for alle karriererettleiarar – men å snakke om kva mening er, er kanskje ikkje noko karriererettleiarar alltid har tid til. Eit av Svennungsen sine mål er å bidra til at rettleiarar får innblikk i korleis vegsøkarar tenkjer om meining og erfarer meining og karriereval, noko som igjen kan bidra til at rettleiarar kan snakke om dette, og gjere vegsøkjarar medvitne.
Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Podcast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse