
I denne eisoden av podcasten Frå svin til vin møter du Cathrine Selvaag som driv Ryfylkekokken på Finnøy, ho er og engasjert i det meste som rører seg i matfylket Rogaland og brenn for lokale råvarer. I tillegg presenterer vinbøndene Arild Hebnes og Toyni Tobekk dei fire vinane som dei har klare for sommaren, og den lokale maten dei vil servere til gjestene. Lurer du forresten på kva oransjevin er for noko så er dette episoden for deg.