All content for DAG OG TID podkast is the property of dagogtid and is served directly from their servers
with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med tema som langtidsplanlegging i forsvarssektoren, det nye totalforsvaret og forsvarsomstilling. Dag og Tid har skrive om beredskap tidlegare. Les «Det førebudde Finland» om finsk beredskap og intervjuet med Håkenstad «–Forsvaret verkar ikkje» på dagogtid.no.Er du ny lyttar og nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Då får du avisa i tre veker. Abonnementet stoppar automatisk.
DAG OG TID podkast
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.