Home
Categories
EXPLORE
True Crime
Comedy
Society & Culture
Business
Sports
History
TV & Film
About Us
Contact Us
Copyright
© 2024 PodJoint
00:00 / 00:00
Sign in

or

Don't have an account?
Sign up
Forgot password
https://is1-ssl.mzstatic.com/image/thumb/Podcasts114/v4/c2/d7/40/c2d7404b-1517-5584-7f42-d3ab34a0686e/mza_2812707454740446426.png/600x600bb.jpg
DAG OG TID podkast
dagogtid
100 episodes
8 months ago
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Show more...
News
RSS
All content for DAG OG TID podkast is the property of dagogtid and is served directly from their servers with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Show more...
News
Episodes (20/100)
DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Det militante demokratiet vaknar i USA
Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode.Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du og prøve? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Show more...
2 years ago
10 minutes 4 seconds

DAG OG TID podkast
Melkøya og elektrifisering som klimatiltak
Regjeringa har bestemt at Equinor-anlegget Hammerfest LNG skal elektrifiserast frå land. Det vil kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Kva ligg bak denne avgjerda og er det eit godt klimatiltak? Bård Lahn er gjest. Han har forska på norsk og internasjonal klimapolitikk, ressursforvaltning og oljepolitikk. Kva meiner han om elektrifisering som klimatiltak? Og kjem me til å nå klimamåla for 2030?
Show more...
2 years ago
32 minutes 54 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Eit nytt Midtausten
Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.DAG OG TID podkasten tar sommarferie og er tilbake i august.
Show more...
2 years ago
15 minutes 22 seconds

DAG OG TID podkast
Siri Helle om mat, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
Show more...
2 years ago
29 minutes 35 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Den som kviskrar på torget
Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
7 minutes 8 seconds

DAG OG TID podkast
Kva skjer i Sudan?
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne episoden fortel han om interessa si for Sudan, bakgrunnen for den pågåande konflikten og kva konsekvensar han kan få. Kvifor er det som skjer i Sudan så viktig for området rundt?Sørbø vart intervjua i Dag og Tid 28. april, les artikkelen her. Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Abonnementet stoppar automatisk etter tre veker. 
Show more...
2 years ago
39 minutes 42 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Festspillene i Bergen
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka høyrer du Sjur Haga Bringeland lese frå Festspillene i Bergen.Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
5 minutes 30 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Eit anna menneske
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka får du høyre Frank Tønnesen lese spalta «Kunngjeringar». Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
5 minutes 12 seconds

DAG OG TID podkast
Magnus Håkenstad om forsvar og beredskap i Noreg
Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med tema som langtidsplanlegging i forsvarssektoren, det nye totalforsvaret og forsvarsomstilling. Dag og Tid har skrive om beredskap tidlegare. Les «Det førebudde Finland» om finsk beredskap og intervjuet med Håkenstad «–Forsvaret verkar ikkje» på dagogtid.no.Er du ny lyttar og nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Då får du avisa i tre veker. Abonnementet stoppar automatisk. 
Show more...
2 years ago
34 minutes 53 seconds

DAG OG TID podkast
Sverre Tusvik om Hauge-dagbøkene
Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?
Show more...
2 years ago
28 minutes 34 seconds

DAG OG TID podkast
Om USA, musikk og litteratur. Intervju med musikkmeldar Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er professor ved Universitetet i Bergen, forfattar og musikkmeldar i Dag og Tid. Han skriv for det meste om amerikansk musikk, eit land han også har budd i. I denne episoden fortel han om opphaldet i USA, den nyaste romanen si «Ei verd utan hestar» og rolla som musikkmeldar. Vågnes les også inn meldingane sine til lydavisa. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
31 minutes 48 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Tønnemeisteren
Ikkje noko tek vare på edle ropar som gamalt treverk. Men føresetnaden er at nokon veit korleis det skal handsamast. Dag og Tid er med folk på jobb. I denne episoden får du høyre Siri Helle lese artikkelen om bøkkaren Arne-Jøran Øyen. Han lagar tønner til akkevittproduksjon. Fleire av artiklane om yrkesliv kan du lese på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
Show more...
2 years ago
15 minutes 39 seconds

DAG OG TID podkast
Kva gjer teater med oss? Intervju med teatermeldar Bent Kvalvik
På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka. Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
35 minutes 46 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: Geitene på Kvist
Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå. Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd, skriv veterinær Arve Nilsen. Høyr han lese spalta «Dyrisk». Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
7 minutes 54 seconds

DAG OG TID podkast
Kva er ein god bassist? Intervju med Ellen Brekken
Ellen Brekken er musikar og komponist. Ho fortel om korleis ho enda opp med å spele både tuba, elbass og kontrabass. Me diskuterer rikskonsertane og kva ho lærte etter eit semester i Cape Town. Kva er verdien av ein musikar - og ikkje minst, rolla til bassinstrumentet? Du får også høyre smakebitar på to av låtane frå plata Ambush. Bandet er A Tonic for the Troops.  Brekken vart også intervjua i papirutgåva av DAG OG TID. Les intervjuet her. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Musikk frå Ambush av A Tonic for the Troops:The Capitulation of Alexandria1 Welgelegen Road
Show more...
2 years ago
43 minutes 46 seconds

DAG OG TID podkast
Ida Gilbert: Tute med de ulver som er ute
Ida Gilbert er gjest denne veka. Ho er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar. I 2020 gav ho ut boksingelen «Rekkeviddeangst» og er no aktuell med romanen «Tute med de ulver som er ute» på Flamme forlag. Romanen har fått gode tilbakemeldingar. I Dag og Tid skriv Oddmund Hagen at «Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og situasjonskomikk». I romanen følger me Aslaug som arbeider som kommunikasjonsrådgivar i organisasjonen Framtid med Visjon før ho flyttar til bygda og byrjar som journalist i ei lokalavis. Og det er mykje humor i romanen både om by- og bygdefolket - og ulven.
Show more...
2 years ago
26 minutes 14 seconds

DAG OG TID podkast
Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe
Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. I denne episoden tek me utgangspunkt i første del i portrettserien. Hætta fortel om dei samiske besteforeldra sine som budde i Siebe. Me kjem også innom Fosen-saka. Les meir på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov 
Show more...
2 years ago
33 minutes 28 seconds

DAG OG TID podkast
Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått
Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva med oss, Europa? Vil det framleis vere krig om eitt år? DAG OG TID skriv denne veka fleire artiklar om krigen i Ukraina. Les kommentaren til Halvor Tjønn her (abo). Alle artiklane våre finn du på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
37 minutes 35 seconds

DAG OG TID podkast
Detaljene: intervju med Ia Genberg
Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år. 
Show more...
2 years ago
14 minutes 17 seconds

DAG OG TID podkast
DAG OG TID lydavis: De åtte fjellene
«De åtte fjellene er ei slags maskulin ønsketenking», skriv filmmeldar Brit Aksnes. Høyr ho lese meldinga si i denne podkastepisoden.  Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 
Show more...
2 years ago
4 minutes 13 seconds

DAG OG TID podkast
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.