Anders Totland styrer ikkje unna eit einaste tema – verken i fakta eller fiksjon. Han skriv i eit forrykande tempo, både for barn, ungdom og vaksne. Møt han i podkasten Bakom boka.
Foto: Atle Helland
All content for Bakom boka is the property of Nynorsksenteret and is served directly from their servers
with no modification, redirects, or rehosting. The podcast is not affiliated with or endorsed by Podjoint in any way.
Anders Totland styrer ikkje unna eit einaste tema – verken i fakta eller fiksjon. Han skriv i eit forrykande tempo, både for barn, ungdom og vaksne. Møt han i podkasten Bakom boka.
Foto: Atle Helland
Anders Totland styrer ikkje unna eit einaste tema – verken i fakta eller fiksjon. Han skriv i eit forrykande tempo, både for barn, ungdom og vaksne. Møt han i podkasten Bakom boka.
Foto: Atle Helland
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er forfattar og norsklærar. Ho har skrive tre truverdige bøker om ungdommar som prøver å leve så vanleg som råd sjølv om dei står i vanskelege situasjonar. Ho bruker gjerne vonde erfaringar frå sitt eige liv.
Vakre og detaljerte teikningar av hovudpersonar som slit med einsemd. Slik kan ein oppsummere prosjektet til forfattar og teiknar Anja Dahle Øverbye. Øverbye har skrive og teikna fleire bøker, både for barn, ungdom og vaksne, og ho har fått mange prisar for arbeidet sitt.
Familiedrap og gruppevaldtekt. Ho serverer ungdommen knallharde tematikkar pakka inn i action, truverdige miljø og godt språk. Møt Therese Garshol Syversen i forfattarpodkasten Bakom boka.
Ho vart omtalt som landets rockepoet etter ein sterk lyrikk-debut. Sidan gav ho ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, om livet med eteforstyrringar. – Eg ville vere heilt open, både om det fine, det vonde, det gode og det ekle, seier Marianne Clementine Håheim i forfattarpodkasten Bakom boka.
Katteknulling og undring om ein penis kan vere stor som ei hundepølse, men også venskap, naboskap og foreldre ein er glad i, irritert på og uroa for. Møt Inger Johanne Sæterbakk i podkasten Bakom boka.
Ho vart forfattar på tampen av eit langt liv i skuleverket, og som 72-åring skriv Solveig Blindheim Bendixen framleis bøker for barn. Møt ho i forfattarpodkasten Bakom boka.
Ho har ikkje vore spesielt oppteken av krigen, og ho er ikkje spesielt glad i fantasy-sjangeren heller. Men då ho kombinerte desse to, fekk ho til å skrive sin første roman. Etter seks bøker er Ingunn Røyset likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg ein forfattar.
Ho har gitt ut over 50 bøker, har fått omtrent alle litterære prisar som finst, er heidersmedlem i Samlaget og har fått æra av å vere festspelforfattar heile tre gonger. Møt Erna Osland i podkasten Bakom boka.
Drakeholer, ei mystisk rune-tatovering, sjøormar, feer, spøkelse, nye og gamle gudar, teknologi ingen nolevande har sett, og ein magisk vind frå nord. Alt dette finn du i bøkene til Asbjørn Rydland. Møt han i podkasten Bakom boka.
Han syng og spelar gitar, teiknar og skriv, reiser rundt og underheld barn, og innimellom er han også innom lærarjobben sin. Vegard Markhus er forfattar og illustratør, med ein tydeleg strek og ein særprega absurd humor.
Hovudpersonane hennar står på ulike måtar utanfor. Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker om smarte jenter som slit sosialt.
Ho har gitt ut ei barnebok, to ungdomsromanar og ein vaksenroman. Barneboka skil seg ut ved å vere ei lettlesen bok om to søsken som er nye i landet. Dei tre andre bøkene har nokre tydelege fellesnemnarar: Hovudpersonane er jenter som slit med sosiale relasjonar, og minst to av dei tre har uvanlege evner (innanfor realfag og musikk).
Anders Totland styrer ikkje unna eit einaste tema – verken i fakta eller fiksjon. Han skriv i eit forrykande tempo, både for barn, ungdom og vaksne. Møt han i podkasten Bakom boka.
Foto: Atle Helland